AnnikenKlinge_BareFolk_1

Åsmund Farstad

Allsidig og spennende ung spelemann

Åsmund A. Farstad frå Volda er musiker på fele og hardingfele. Han har røtene sine i den tradisjonelle musikken frå Nordvestlandet, men er òg godt kjend med eit breitt spekter av andre sjangrar og stilartas. Åsmund er ein allsidig musikar og speler jamt konsertar, musikk til dans samt held kurs og verkstadar.

I tillegg til å vere ein tradisjonell solospelemann er han aktiv i fleire ulike grupper og prosjekt og har vore solist i større produksjonar. Han er for tida aktiv i mange ensemble og prosjekt, men særleg verdt å nemne er folkrocktrioen Kjeltring og gamaldansgruppa Farstad & Farstad.

Åsmund studerer for tida folkemusikk ved Noregs musikkhøgskule og bur i Oslo. Han har motteke ei rekkje prisar og stipend innan både folkemusikk og klassisk musikk – inkludert Teft-stipendet, Sparebank 1 Talentstipend, Fure-stipendet, Bolstadprisen og fleire. Han er A-klassespelemann på både vanleg fele og hardingfele ved Landskappleiken, og var finalist i IntroFolk-konkurransen i 2024.