Gro og Øystein duo. Foto: Marius Beck Dahle

Gro Kjelleberg Solli & Øystein Sandbukt

Gro Kjelleberg Solli, nordmøring busett i Os i Nord-Østerdalen, er aktuell med plata «Stien eg fann» på plateselskapet Ta:lik. Dette er hennar første soloalbum, og første gong ho presenterer eigenskrive materiale. I tillegg serverer ho tradisjonell folkemusikk og viser frå Møre og Romsdal og Fjellregionen.

Solli har tidlegare medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og plater. To av platene er blitt spelemannprisnominert: «Til deg» (2003) med vokaltrioen Tre Begrædelige Piger og «Juledrøm» (2006) med Majorstuen. Solli har òg vunne A-klassa i vokal på Landskappleiken to gonger, seinast i 2012.

Medmusikarane Øystein Sandbukt, Marit Aspås og Erik Fostervoll har ho samarbeidd lenge med, og saman får dei fram eit særeige uttrykk som kler musikken. Sollis eigenskrivne vise  «Naboens gyngestol» er blitt svært godt motteken, og er for tida A-lista i NRK Møre og Romsdal.

Gro har vært her før i ulike konstellasjoner og i år deltar hun og medmusikant Øystein Sandbukt med et folkesangprisjekt i samarbeid med kor:Z fra Stavanger. Du får høre dem blant annet på kirkekonserten fredag.