
Amalie Kinsarvik Tvilde
Prisbelønt, ungt trekkspillstjerneskudd
Amalie Kinsarvik Tvilde (f. 1999) kjem frå Kinsarvik i Hardanger, og er ei av dei fremste utøvarane på durspel i Norge. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen.
Som durspelar har Tvilde allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområder. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og det sine moglegheiter. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda som har stått i størst fokus. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte.
Tvilde har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipend, Drømmestipendet and Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest.