IMG_6476

HøstFOLK // Konsert med Olaf Moen og Robert Løkketangen // Loshavn Bedehus

20. november 2021 18:00 –

kr 200

Billetter

Om alt som henda har

Og det er ikkje så reint lite som har hendt heller!

Olaf Moen frå Akland og Robert Løkketangen frå Søndeled slapp debutalbumet sitt «Om alt som henda har» hausten 2019. Duoen presenterer tradisjon og nyskaping, og har i dette prosjektet dukka djupt i folkesongane frå kommunane aller lengst aust i Agder; Gjerstad, Vegårshei, Tvedestrand og Risør, og vi finn stader som m.a. Lyngør, Nes Verk, Søndeled, Takserås, Nybø og  Haugeto. Distriktet er hav og hei, åker og skog, noko som speglar den rike og allsidige folkemusikktradisjonen her i distriktet. Duoen har henta fram drikkeviser, kjærleiksviser, arbeidsviser, stev og mellomalderballadar der slit og glede går hand i hand.

Folkemusikken er nærare enn folk trur. Det er ikkje berre noko som finst i Telemark og Gudbrandsdalen, men det er like mykje midt blant oss anten vi kjem frå skogbygder eller øyer, frå øydegardar eller industrisamfunn. Draumen deira er at desse songane kan bli brukt att, anten det er i heimar, foreiningar eller i godt lag.

Moen syng og Løkketangen speler, og det er sistnemnde som står bak arrangementa der det både klimprast og strykast på gitar og langeleik. Nokre av arrangementa er tydeleg bluegrass-inspirerte, nokre har ein dåm av opne og kanskje orientalskklingande klangar, og andre er solonummer med kveding i si aller reinaste form.

Moen har samla inn folkesong på eiga hand, lært av kjelder både direkte og indirekte, og ikkje minst endevendt arkiv på jakt etter lokalt songstoff. Heile tida har han vore på jakt etter å finne sin eigen stemme og form, og ligg ein stad i landskapet mellom å vere tradisjonalist og å vere nyskapande. Han er glad i det noko enkle lydbiletet der instrument og stemme får kome til sin rett. Gjennom sin folkemusikalske bakgrunn frå Valle vidaregåande skule, Høgskolen i Telemark og NTNU har han fått god opplæring, og har fått grave i arkiv og leike seg med ulike uttrykk.
Løkketangen har sin musikalske skolering frå jazzlina ved Norges Musikkhøgskole med gitar som hovudinstrument. Der har han fokusert på improvisert musikk/jazz, norsk folkemusikk, og musikk frå Appalachefjellene i USA. Robert har lenge jobba med akustisk musikk, og har arbeidd med å utvikle eigne spelemåtar på instrumenta han trakterer. Gjennom djup vyrdnad og forståing for tradisjonsmusikken og innovative spelemåtar skapar han sitt eige uttrykk.

Utgjevinga er stødd av Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Kristiansand kommune, Gjerstad historielag, Fiane ungdomslag, Vegårshei Mållag og Vegårshei historielag.  I tillegg har vi fått uvurderleg praktisk hjelp frå SØRF, Agder folkemusikkarkiv, Norsk visearkiv og andre.

Denne sommaren greidde duoen å få til ein liten «korona-turné» rundt i kommunane der musikken er frå, og dei spelte i alt frå avsidesliggande husmannsplass til kafé og pub til malmgruve og bryggekant. Alle stadene greidde dei å skape allsong, latter og tårar, og ikkje minst ein fin dialog med publikum både under og etter konsertane.

På grunn av tidligere nevnt korona, har vi måtte utsette konserten med Olaf og Robert tre ganger!!

Nå gleder oss til å gå på konsert igjen i Loshavn Bedehus. Det blir fyrt opp i peisen på Bedehuset og lett servering.

Loshavn Bedehus

Vi  avslutter festivalen søndag på Loshavn Bedehus. Med utsikt til Nordsjøen får du en unik konsertopplevelse i bedehuset i uthavna Loshavn. Denne konserten er hel akustisk, uten applaus og introduksjoner. I denne denne konteksten får den neddempede musikken fokuset, og denne konserten kommer med gåsehud- garanti. Her er det trangt om plassen, så løp og…
Les mer